Gardsbrenneriet
0,-
Lukk
Handlekurven er tom

Subtotal: 0,-

Jobb hos oss

SØKER SOMMELIER TIL GARDSVERT

Gardsbrenneriet er handverksdestilleriet i Nordfjord og held til på ein gard i Gloppen. Vi brenn for norske kvalitetsråvarer i drikkevarer, anten det er lokalprodusert frukt og grønt, myse frå norsk osteproduksjon eller vekstar sanka frå den frodige vestlandsnaturen. Gardsbrenneriet er kjend for merkevara «Attåt» som omfattar sider, hard seltzer, frukt- og bærlikørar, fruktbrennevin, akevitt og gin. I tillegg lagar vi alkoholfrie drikkevarer som eplemost, boblemost, sukkerøl, brus og alkoholfri sider. I gardsbutikken sel vi alkoholfri drikke, våre eigne lågalkoholprodukt samt lokalmatprodukt. Vi tilbyr smakingar med omvisning på garden eller i samarbeid med andre lokale aktørar. For tida er vi 5 tilsette og omsette for om lag 8 mill i 2021. Vinmonopolet er største kunden vår og i tillegg sel vi varene våre til HORECA og daglegvarehandelen.

Vi er interessert i å kome i kontakt med deg som:

  • er sommelier
  • har nokre års arbeidserfaring
  • gjerne har erfaring med salsarbeid i bransjen (Vinmonopolet, HORECA)
  • gjerne har erfaring med butikksal
  • har ei genuin interesse for og erfaring med norske drikkevarer
  • har gode formidlingsevner og trives med å stå foran eit publikum
  • er interessert i å vere med å bygge opp Gardsbrenneriet vidare
  • har erfaring med organisering og leiing av arrangement
  • er serviceinnstilt og løsningsorientert
  • brettar opp ermene og hjelper til der det trengs
  • er oppteken av å levere høg kvalitet i alt du gjer
  • er resultatorientert og har ein eigen «driv»
  • jobbar godt sjølvstendig og bidreg positivt i team
  • kan kommunisere godt på norsk og engelsk

 

Vi søker etter ein «Gardsvert» som skal:

  • arrangere smakingar i regi av Gardsbrenneriet
  • styre bookingsystemet og halde oversikt over bookingar
  • delta i anna salsarbeid som føregår på garden (til dømes omvisningar)
  • delta i salsarbeidet på vinmonopolet sine messer samt andre bransjemesser, arrangement og festivalar.
  • drifte gardsbutikken.
  • bidra i den sensoriske delen av produktutviklinga
  • bidra i den sensoriske kvalitetskontrollen i produksjonen
  • steppe inn i den daglege produksjonen og drifta ved behov

Gardsvertrolla er ei nyoppretta prosjektstilling på eit års engasjement i første omgang. Vi meinar stillinga er liv laga og dersom vi klarar å sikre lønsemd i stillinga vil det vere mulighet for fast tilsetjing.

Oppstart for arbeidet vil vere så snart som mogleg etter 1. juni. Løn etter avtale. Arbeidstida blir vi einige om. Ein del ettermiddag/tidleg kveld/laurdag må ein rekne med samt noko reising i samband med messer og arrangement.

For meir informasjon om Gardsbrenneriet: www.gardsbrenneriet.no

For spørsmål: ring dagleg leiar Jann Vestby: 95162028 (dagtid)

eller epost: jann@gardsbrenneriet.no

Send søknad til jann@gardsbrenneriet.no innan 01.05.22

 

 

 

 

 

 

Trykk Enter for å søke eller Esc for å lukke