Handlekurven er tom
Julesongar - nostalgisk nynorsk julesonghefte frå Skald forlag i Leikanger. Fint å henge på juletreet. Praktisk å bruke når ein skal gå rundt treet og synge julesongar.
Vi har det i gardsbutikken vår fordi det er veldig fint å bruke saman med tradisjonsmat og drikke i gåvepakningar.
Meir info:
10,5 x 14,8 cm
32 sider
Hefta med gullfoliepreg og hol til oppheng.
Formgjeving: Torill Stranger
Etter lang tids fråvere i bokhandelen ga Skald i 2010 ut ei samling av dei mest populære julesongane i nynorsk språkdrakt. Boka er i god, gammaldags stil eit hefte til å ha i neven når ein går rundt juletreet og med hol slik at det kan hengast på juletreet – praktisk, dekorativt, og med ein god dose nostalgi.
Heftet finst også på bokmål.
Heftet kan også kjøpast direkte frå Skald forlag:
https://skald.no/utgjevingar/julesongar/